Kornet si historie, takke- og julebakst
For omlag ei veke sidan var vi ferdig med samling nr.4 på MKK. Denne samlinga har vi lært om korn og tradisjonsbakst. Vi har lært om korn i frå steinalder til genalder - altså korleis kornet har vore ein del av hovudenergikjelda i kosthaldet våra i lang tid. Etter endt samling fekk studentane i oppgåve å lage ein takkebakst samt ei julekake. Eg har valt å lage Nordlandslefser – etter mormor si oppskrift, samt konfektkake – også etter mormor si oppskrift. Eg har valt konfektkake, då det er ei julekake som høyrer jula til heime med oss, og som er ei av mine favoritt julekaker. Og nordlandslefse sidan dette også er ein favoritt. Menneska har hausta korn på «den fruktbare halvmåne», i området rundt Eufrat og Tigris, sidan omlag 20 000 år sidan. Kornet her var nesten klart til å takast i bruk. Klimaet her var ideelt for korn, det haldt seg godt, og det var lett for menneska å få tak i. Med berre nokre vekers arbeid kunne ei familie sikre seg korn for eit heilt år fram i tid (Bjørnstad, 200...

