Familiedag på Haualeitet
Familiedag på Haualeite, Volda bygdetun.

Fredag 18.09 var det familiedag på Haualeite, Volda bygdetun. Vanlegvis brukar denne dagen å være i regi av Forskningsdagane sitt årlege arrangement, men grunna Covid-19 situasjonen vart det dessverre ikkje mogleg i år. For å likevel kunne gjennomføre noko som likna også i år, valte Høgskulen i Volda å invitere Rotset barnehage på besøk til Volda bygdetun. Målet for denne dagen var å vise borna tradisjonsrettar, drikke og snakke litt om historien til dei ulike matvarene. Borna fekk observere prosessen frå råvarer til ferdig produkt, og til slutt fekk dei smake det ferdige produktet.
Haualeite, Volda bygdetun
Volda bygdetun har over 20 hus ordna som ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Her kan ein sjå korleis folk har budd, jobba og levd tilbake i tid. Det eldste huset er ei sengjabud frå 1500-talet. Eit skulehus med ei stor samling av gamalt skuleutstyr høyrer også til i bygdesamlinga. Tunet ligg vakkert til ved foten av Rotsethornet og med utsikt over fjorden. I tillegg til husa på Haualeite har Volda bygdetun også Garverimuseet nede ved fjøra og Mylnefallet på Øvre Rotset (sunnmøre museum, 2020).
![]() |
| Haualeitet Foto: Andrine H. Vikebakk |
Besøk av Rotset barnehage
Eg og Rikke fekk tildelt det eldste bygget på tunet - nemleg sengjabuda. Aktiviteten vi hadde der var å presse råsaft av norske eple. Barnehageborna synest det var svært interessant å sjå prosessen frå ferske norske eple til råsaft av eple. Barnehageborna kunne konkludere med at det kjekkaste ved heile prosessen var nok å få smake det ferdige produktet.
Vi valte råsafting av eple fordi vi synest dette var ein spennande og interessant måte å kunne lage si eiga ferske eplesaft på, og at det var ein fin måte å utnytte epla på.
![]() |
| Frå eple til råsaft av eple. Foto: Marianne Bakke Nesvold |
Råsaft er eit ubehandla produkt som ikkje har lang haldbarheit. Om ein vil auke haldbarheita kan ein varmebehandle (pasteurisere) den for å drepe bakteriar. Dette kan endre smaken noko. Råsaft kan også frysast (Moseplassen, 2016).
For å lage råsaft av eple treng ein anten ein foodprosessor eller ei fruktkvern til å male epla i små bitar, og ei eplepresse for å få ut eplesafta. Deretter kan ein ha eplesafta på ei flaske eller liknande.
![]() |
| viser prosessen i å lage råsaft Foto: Marianne Bakke Nesvold |
Undervegs på familiedagen formidla vi litt enkel historie og nokon enkle fakta om eple som barna synest var svært interessant. Barna var pgså engasjerte og delte gjerne sin kunnskap om eple, og kunne fortelje at dei hadde epletre i barnehagen. Dei fekk sjå bilete av ulike eplesortar vi har i Noreg, og dei fekk sjå bilete av ei gammal fruktpresse.
Eple
Eple har eit tynt spiselig skal. Fargen på skalet kan variere mellom grønt, gult, gulraud, raud eller ein kombinasjon av desse fargane. Fruktkjøtet er fast, og i midten av eplet er det eit kjernehus som fjernast når eplet skal nyttast til matlaging. Kostfiberinnhaldet i eple er høgt, noko som er gunstig for fordøyinga. Vitaminar og mineralar er det ikkje så veldig mykje av, men på trass av dette og at vi et jamnleg eple får det likevel ei betydning for kosthaldet vårt. C vitamin i eple finn vi rett under skalet så ein må gjerne ete eple med skalet på. Vitamin C styrkar immunsystemet og aukar opptak av jern fra andre matvarer (Opplysningskontoret for frukt og grønt, 2020).
Dei viktigaste norske eplesortane:
· Summerred.
· Aroma.
· Raud Gravenstein.
· Raud Aroma.
· Julyred.
· Åkerø.
· Discovery
· Rød Prins/Kronprins.
· Lobo
· Gravenstein
· Nyere sorter som er verd å nevne er Caroll og Geneva Early (opplysningskontoret for frukt og grønt, 2020)
Historie
Eplet er ei frukt kjent allereie frå steinalderen og finns i dag i eit ukjent tal variantar. Opphavleg kjem eplet frå Asia og frukta kjenner vi frå bibelhistoria, der Eva freistar Adam med ei frukt frå kunnskapens tre (opplysningskontoret for frukt og grønt, 2020).
Det seiast at munkane var dei fyrste som starta med fruktdyrking i Noreg, men i sagnet om Kong Sverre står det om Aldinshagi i Vik i Sogn. Aldin er gammalnorsk for aldetre/apal = epletred. Dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fuktdyrking i landet. (Balholm, 2020)
![]() |
| formidling av historie om eple. Foto: MArianne Bakke Nesvold |
Førebuing og erfaringar
Før familiedagen på haualeitet gjekk vi gjennom prosessen for å lage råsaft av eple, og vi fann fram utstyret vi trengte. Sidan vi ikkje hadde fruktkvern som er svært gunstig i denne prosessen prøvde vi å bruke foodprosessor, noko som fungerte heilt flott. Vi testa også korleis fruktpressa fungerte slik at vi var godt forberedte. Vi fordelte også litt kven som skulle fortelje kva, og kva arbeidsoppgåve vi skulle ha. Deretter tok vi turen ned på haualeitet for å gjere alt klart til barnehageborna kom. Vi hadde ein time på oss der vi kunne pynte og sette fram det vi hadde med oss av utstyr.
Ei av erfaringane eg tek med meg vidare etter denne dagen er at når man skal ha besøk av born på denne måten å lære dei noko er det ikkje nødvendig med eit veldig handfast manus då praten flyt veldig naturlig, og mange born har mykje på hjartet som dei sjølve vil dele.
Alt i alt var opplevinga av denne dagen at det blei ein vellykka og vel gjennomført dag, med veldig mange kjekke born frå Rotset barnehage som no har fått erfart korleis ein lagar råsaft av eple.
Kjeldeliste:
- Balholm. (2020, 09 27). Balholm.no. Hentet fra http://www.balholm.no/om-oss.html
- opplysningskontoret for frukt og grønt. (2020, 09 27). frukt.no. Hentet fra https://www.frukt.no/ravarer/frukt/epler/
- sunnmøre museum. (2020, 9 27). sunnmoremuseum.no. Hentet fra https://www.sunnmoremuseum.no/musea/volda-bygdetun/






Kommentarer
Legg inn en kommentar